Ibb

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ibb
Remove ads

Ibb (arabisk إب, ʾIbb), også skrive Abb, er ein by i Jemen og det administrative senteret i Ibb guvernement. Byen ligg kring 117 km nordaust for Mokka og 194 km sør for Sana'a.[1] Han er ein kjøpstad og det administrative senteret utvikla seg under den osmanske tida. Han er ein av dei viktigaste, mellomstore byane i landet.[2] Han ligg på ein fjellkam, omgjeve av frodig land. I 2005 hadde byen kring 160 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Historie

Thumb
Lokale menn.

Ibb har vore busett sidan tidleg islamsk tid, og på grunn av den strategiske plasseringa, brukte osmanarane han som eit administrativt senter.[1] Han blømde som kjøpstad og osmanarane starta opp ein onsdagsmarknad her.[3] Ibb vart styrt av ein delvis sjølvstendig emir fram til 1944, då emiratet vart avskaffa. Til tider har mange menneske flytta til Ibb frå område av Jemen som har vore råka av tørke, for å finne arbeid i jordbruket.[4] I midten av 1950-åra var det eit utbrot av koppar i byen.[5]

Den tyske eventyraren Hermann Burchardt fotograferte byen i 1901, og bileta er i dag utstilte ved Etnologisk museum i Berlin.[6]

Remove ads

Klima

Ibb ligg 2050 meter ove havet på ein utstikkar frå Jabal Shamāḥī.[7] På grunn av høgda har Ibb eit subtropisk høglandsklima (Köppen si klimaklassifisering: Cwa) og er ein av dei våtaste byane i både Jemen og heile Arabia,[1] med typisk 800–1200 mm nedbør i året.

Meir informasjon Vêrdata for Ibb (1950 m), Jan ...
Remove ads

Kjende landemerke

Thumb
Lokal arkitektur

Byen er kjend for dei høge steinhusa, med geometriske friser og sirkelforma, farga glasvindauge, kalla qamiriya.[1] Hovudmoskeen vart bygd under osmanarane, og det er andre moskear og ei festning i nærleiken, som er lukka for vitjane. Det står framleis ein gammal akvedukt i byen.[8] Ibb universitet vart grunnlagd i 1996. Ibb har òg eit kunstsenter, museum og hotell, som Saba Tourist Hotel og Al-Riyad Hotel.[1]

Det beste fotballaget i byen er Al Sha'ab Ibb.

Kjende folk frå Ibb

  • Abdul Aziz Al-Maqaleh - diktar og forfattar
  • Abdul Rahman al-Iryani - tidlegare president i Jemen
  • Brian «The Lion» Mihtar - profesjonell boksar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads