Ichthyaetus
fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ichthyaetus er ei biologisk slekt av fem små til mellomstore måseartar og ein stor art, steppemåse. Utbreiingsområdet samla sett er Middelhavet, Europa sør for Norden, Sentral-Asia, og Raudehavet austover langs kystar til Myanmar.
Slektsnamnet kjem frå gamalgresk ἰχθύς (ikhthús), som betyr «fisk», og ἀετός (aetós), som betyr «ørn».[1]
Remove ads
Skildring
Slekta Ichthyaetus omfattar seks måsar med diversitet i storleik, fjørdrakt og nebbform. Fire av dei seks artane er «hettemåsar» med svart hette i hekkedrakt, ein art sotmåse har mørkebrun hette i hekketida og middelhavsmåsen manglar hette i alle drakter. Fire av artane har ring på nebbet, og nebbfarga er elles varierande med klår raudt hos svartehavsmåsen til skittengrønt hos sotmåse. Artane varierer frå dei mørke, slanke raudehavsmåsane og sotmåsane i Raudehavet og Indiahavet til dei bleikare svartehavsmåsane og middelhavsmåsane i Sør-Europa, den særmerkte mongolhettemåsen i Sentral-Asia og den store, elegante steppemåsen i Asia ved kyst og innland. Den største arten er steppemåsen på opptil 67 (72) cm, den minste er svartehavsmåse, ca. 25-30 cm kortare. Sotmåsar har eit avvikande, nær gåseliknande læte.
Ungfuglar er brunlege med mørke halar og utviklar gradvis den reine grå og kvite fjørdrakta til vaksne fuglar etter ca. to år, eller tre år som for steppemåsen (fire aldersklassar).[2]
Ichthyaetus-artane held seg hovudsakleg ved kystar og innsjøar.
Remove ads
Artsoversyn
- Steppemåse, I. ichthyaetus
- Mongolhettemåse, I. relictus
- Middelhavsmåse, I. audouinii
- Svartehavsmåse, I. melanocephalus
- Sotmåse, I. hemprichii
- Raudehavsmåse, I. leucophthalmus
Medlemmer av Ichthyaetus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List v15.1, 2025,[3] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
- Steppemåse, I. ichthyaetus, Pallas's gull, (Pallas, 1773), (LC)
- 60–72 cm; 0.9-2 kg. Nær stor som ein svartbak. Er særmerka av ei flat krone og eit langt kraftig nebb.
- Hekkar i Sentral-Asia, overvintrar mellom anna på kysten av det austlege Middelhavet, Raudehavet, det sørlege Kaspihavet og det nordlege Indiahavet, austover til Myanmar.[5]
- Mongolhettemåse, I. relictus, Relict gull, (Lönnberg, 1931), (VU)
- 39–45 cm; 420–665 gram. Liknar svartehavsmåse
- Austre Kasakhstan, Mongolia og litt inn i Kina og Russland.[6]
- Middelhavsmåse, I. audouinii, Audouin's gull, (Payraudeau, 1826), (VU)
- 48–52 cm; 451–770 g. Svært lys fjørdrakt, manglar den mørke hetta til dei andre i slekta
- Hekkar ved Middelhavet og på øyar der, overvintrar også langs kystar av Nord-Afrika og Vest-Afrika.[7]
- Svartehavsmåse, I. melanocephalus, Mediterranean gull, (Temminck, 1820), (LC)
- 36–38 cm; 215–350 g. Særprega av raudt nebb og raude bein, litt større enn ein hettemåse, men mindre enn fiskemåse.
- Hekkar spreidd over Europa, meir konsentrert mot Svartehavet i Romania og Ukraina, i sentrale Tyrkia, overvintrar i Vest-Europa, nordvestre Afrika, Middelhavet og Svartehavet.[8]
- Sotmåse, I. hemprichii, Sooty gull, (Bruch, 1855), (LC)
- 43–48 cm; 400–510 g. Fjørdrakta inkludert hovudet er mørk, gråbrun. Gulgrønt nebb med raud tupp.
- Raudehavet og Adenbukta, Persiabukta og Omanbukta, aust til Sør-Pakistan og sør til nordaustre Kenya, om vinteren sør til Nord-Mosambik.[9]
- Raudehavsmåse, I. leucophthalmus, White-eyed gull, (Temminck, 1825), (LC)
- 39–43 cm; 275–415 g. Har mørk fjørdrakt og eit ekstremt langt nebb
- Finst ved kystar av Raudehavet og Adenbukta året rundt[10]
- Utbreiing av steppemåse
- Utbreiing av svartehavsmåse
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads