Identity
album av Zee From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Identity er det einaste albumet til Zee, eit kortvarig band som bestod av klaverspelaren i Pink Floyd, Richard Wright, og Dave Harris frå New Romantic-bandet Fashion. Albumet kom ut i 1984. Wright har seinare sagt at han følte Identity var eit «eksperiment som gjekk feil», og at det aldri skulle ha vorte laga.[2] Albumet vart skriven og produsert av Wright og Harris, og all teksten vart skriven av Harris.
Det vert nytta mykje Fairlight CMI på albumet, ein synthesizer som var populær i 1980-åra. Dette skapar ein særs elektronisk stil som går igjen på alle songane.
«Confusion» vart gjeven ut som singel med «Eyes of a Gypsy» som B-side.[3]
I 2019 kom albumet ut på ny med bonusspor.[4]
Remove ads
Innhald
All tekst skriven av Dave Harris; all musikk komponert av Richard Wright og Dave Harris
Remove ads
Medverkande
- Richard Wright: klaverinstrument, elektronisk perkusjon, Fairlight, korvokal
- Dave «Dee» Harris: gitar, klaverinstrument, perkusjon, Fairlight, solovokal
Produksjon
- Produsert av Richard Wright og Dave Harris
- Lydteknikar og medprodusent: Tim Palmer
- Ekstra lydspor og miksing av Utopia (London)
- Design av Dave Harris
- Fotografi av Paul Cox
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads