Igarka

by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia

Igarka
Remove ads

Igarka (russisk Ига́рка) er ein lukka by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 4 000 innbyggjarar. Byen ligg 163 km nord for polarsirkelen. Han er òg ein hamneby ved elva Jenisej og ligg 673 km frå elvemunningen.

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...

Ved byen ligg Igarka lufthamn, som ligg på andre sida av elva, noko som gjer han vanskeleg tilgjengeleg når elva er delvis tint. Om vinteren kan ein køyre over og om sommaren er det båtsamband, men i mellom dette vert transporttilhøva vanskeleg.

Igarka vart grunnlagd i 1929 som ei hamn for eksport av sagbrukprodukt og tømmer. Han fekk bystatus i 1931. Frå 1949 til 1953 vart det gjort eit mislukka forsøk på å knyte Igarka til det russiske jernbanenettet ved Salekhard. Tusenvis av Gulag-fangar omkom under prosjektet.

Hovudattraksjonen i byen er eit merkeleg permafrost-museum[2] som har vunne pan-europeiske premiar[3].

Igarka er ein lukka by, etter at det i 2001 vart innført reiserestriksjonar for utlendingar og for russiske borgarar som ikkje er busett i byen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads