Ikaros
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ikaros (gresk Ἴκαρος, Íkaros; etruskisk Vikare;[1] latin Icarus) er ein mann i gresk mytologi som er kjend for å ha fått venger og flyga for nær sola, slik at han fall ned i havet og drukna.

Soga om Ikaros
Ikaros var son av handverkaren og kunstnaren Daidalos. Far og son var fanga på Kreta, i labyrinten til kong Minos. Ved hjelp av venger som Daidalos laga av fjører og voks flykta dei to frå fangenskapet. Ikaros ignorerte åtvaringa frå far sin om å ikkje fly for nær sola, og solvarmen smelta voksen i vengene slik at han fall ned i havet.
Daidalos sørga over sonen sin og kalla opp den næraste øya etter sonen sin. Dette er Ikaría sørvest for Samos. Havstykket der han skal ha drukna er kjent som Ikariahavet.[2][3][4][5]
Hellenistiske forfattarar gav ulike euhemeristiske tolkingar av soga der Ikaros og Daidalos flykta frå Kreta med båt, der Daidalos fann opp dei fyrste segla, og Ikaros fall overbord og drukna. Herakles reiste ei grav for han.[6][7]
Remove ads
Ikaros i seinare kultur

Ikaros-motivet er blitt framstilt i kunst og litteratur ei rekkje gonger. Greske poetar kunne visa til soga i dikta sine, og ho er kort fortald i Pseudo-Apollodorus.[8] I latinsk litteratur blei soga særleg teken opp av forfattar under keisar Augustus. Hyginus fortel henne i Fabula 40, der han byrjar med forholdet mellom Pasiphaë, dottera til sola, og ein okse som fører til Minotauren som seinare blir fengla i labyrinten laga av Daidalos. Ovid fortel også soga i Metamorfoser (viii.183–235), og viser til henne andre stader.[9]
Ovid si forteljing av soga og sambandet han knytte til soga om Phaethon påverka den mytologiske tradisjonen i engelsk litteratur[10] i verka til viktige forfattarar som Chaucer,[11] Marlowe,[12] Shakespeare,[13] Milton[14] og Joyce.[15]
I biletkunst frå renessansen kan Ikaros-motivet ha ulik tyding. I Orion-fontena i Messina er han ein av mange figurar knytte til vatn. Ved Konkursretten i Amsterdam rådhus symboliserer han (for) høg ambisjon.[16] Måleriet Landskap med fallet til Ikaros frå 1500-talet, som tradisjonelt er blitt tillagt Pieter Bruegel den eldre, er kjent for å visa ulukka til Ikaros i bakgrunnen for eit fredfylt landskap. Det inspirerte dikta «Musée des Beaux Arts» av W. H. Auden og «Landscape with the Fall of Icarus» av William Carlos Williams. Romanen Ikaros – ung mann i Sahara (1957) av Axel Jensen bruker soga om Ikaros til å symbolisera den moderne unge mannen sitt forsøk på å frigjera seg frå foreldregenerasjonen og konvensjonar.
Remove ads
Galleri
- Romersk freske av Ikaros og Daidalos frå Pompeii.
- Bilde frå Palazzo Vecchio i Firenze frå rundt 1570-talet.
- 'Landskap med ein pløyande bonde og fallet til Ikaros' av Marten Ryckaert.
- 'Fallet til Ikaros' av Pieter Bruegel den eldre
- Ikaros og Daidalos måla av Charles Paul Landon.
- The Lament for Icarus (1898) av Herbert James Draper
Sjå òg
- 1566 Icarus, ein asteroide kalla opp etter Ikaros
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads