In Camera av Peter Hammill
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
In Camera er det fjerde studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, utgjeve i juli 1974.
Mykje av materialet på albumet vart spelt inn i heimestudioet til Hammill på ein enkel firesporsopptakar. Han tok så lydbanda til Trident Studios, der ekstra lydspor, som trommene til Van der Graaf Generator-kollegaen Guy Evans, vart lagt til og fleire lag med ein ARP 2600 analog synthesizer. Albumet var hovudsakleg mørkt, gotisk og klaustrofobisk, med tekstar fylte med apokalyptiske, religiøse og eksistensielle bilete. «Gog» er ein særskild intens og demonisk song, med (sjølv til Hammill å vere) skingrande og aggressiv vokal, grandiose harmonium-akkordar og kraftfull trommespel. Dette glir inn i «Magog», som i røynda er eit musique concrète-stykke med uhyggeleg bordun, perkussiv støy og ein talt vokal gjennom ein ringmodulator. Songar som «Ferret and Featherbird» og «Again» er mildare, og Hammill har omtalt den første som «noko som kan minne om ein 'søt' song».[2] Albumet var dedisert til broren til Hammill, Andrew.
«Again» vart omarbeidd for Hammill-albumet The Love Songs i 1984.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Peter Hammill
Remove ads
Medverkande
- Peter Hammill – vokal, piano (1-5, 8), akustisk og elektrisk gitar (1, 3, 4, 8), bassgitar (2-4, 6, 7), ARP 2600 synthesizer (2, 5, 8), Mellotron (5, 8), harmonium (7, 8)
- Guy Evans – trommer (3, 7)
- Chris Judge Smith – perkusjon, korvokal (8)
- Paul Whitehead – perkusjon (8)
Teknisk
- Peter Hammill - lydteknikar (Sofa Sound, Sussex)
- David Hentschel – lydteknikar, ARP-programmering, miksing, «studiotrollman» (Trident Studios, London)
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads