In My Arms

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«In My Arms» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue frå det tiande studioalbumet hennar, X (2007). Songen vart skriven av Minogue, Calvin Harris, Richard Stannard, Paul Harris og Julian Peake.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Utgjeving og listeplasseringar

Songen vart utgjeven som den andre singlen til albumet i Europa i februar 2008, og den tredje singlen i Storbritannia og Australia i mai 2008. I Belgia nådde singelen 33. plassen på Ultratop den 3. februar 2008 i Flandern, og fjortande plassen veka etter. «In My Arms» nådde åttandeplass i Hellas og Tyskland og tiandeplassen i Frankrike, der han vart den største hitten til Minogue sidan «Can't Get You Out of My Head». Singelen nådde Topp 5 i Tsjekkia og Tyrkia, Topp 10 i Slovakia og Sveits, og Topp 20 i Austerrike, Irland, Nederland og Sverige. Singelen nådde 69. plassen på UK Singles Chart, og nådde tiande plassen tre veker seinare. I Australia nådde songen 35. plassen og låg berre to veker på Topp 50.

Remove ads

Musikkvideo

Videoen vart filma i Los Angeles i California, saman med videoen til «Wow». Det finst fem sekvensar. I den første har Minogue kledd i ei raud og kvit drakt med futuristiske solbriller. I den andre syng Minogue i ein mikrofon i eit blått studio. Den tredje scena er med ein tropp dansarar, og i den fjerde scena har Minogue i ein gul kjole og dansar i ein rosa boks. I den siste scena dansar Minogue framfor ei stor vifte i ein Dolce & Gabbana-kjole.

Remove ads

Format og sporliste

Europeisk CD
  1. «In My Arms» – 3:32
  2. «Cherry Bomb» – 4:16
Europeisk CD maxi
  1. «In My Arms» – 3:32
  2. «Do It Again» – 3:23
  3. «Carried Away» – 3:15
Britisk CD 1
  1. «In My Arms» – 3:32
  2. «Can't Get You Out of My Head» (Greg Kurstin Mix) – 4:04
Britisk CD 2
  1. «In My Arms» – 3:32
  2. «In My Arms» (Death Metal Disco Scene Mix) – 5:43
  3. «In My Arms» (Sebastien Leger Mix) – 7:05
  4. «In My Arms» (Video)
Australsk CD
  1. «In My Arms» – 3:32
  2. «In My Arms» (Death Metal Disco Scene Mix) – 5:43
  3. «In My Arms» (Sebastien Leger Mix) – 7:05
  4. «Can't Get You Out of My Head» (Greg Kurstin Mix) – 4:04

Topplisteplasseringar

Meir informasjon Toppliste (2008), Listeplassering ...
Remove ads

Utgjevingshistorie

Meir informasjon Land, Dato ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads