In Outer Space

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

In Outer Space er det tolvte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks, gjeve ut i april 1983 av Atlantic Records. Brørne Ron og Russell Mael produserte albumet sjølv.

Meir informasjon Sparks-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Utgjeving

In Outer Space vart eit av dei mest suksessrike albuma til Sparks i USA. Det nådde 88. plassen på Billboard 200,[3] og bygde vidare på suksessen frå dei to førre albuma deira. I Frankrike vart singelen «Modesty Plays», som ikkje var med på det originale albumet og som opphavleg vart laga for TV-serien Modesty Blaise, lagt til som siste spor.

«Cool Places» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde 49. plassen på Billboard Hot 100.[1] Songen var ein duett med rytmegitaristen og korvokalisten i The Go-Go's, Jane Wiedlin. Bandet til Wiedlin var særs populære og at ho deltok på singelen, før til at han vart den største hitten til Sparks i USA. «Cool Places» vart forleng på 12-tommaren og begge formata kom med songen «Sports» som B-side, som ikkje var med på albumet. Singelen vart òg den første av mange for bandet som gjekk inn på Billboard Hot Dance Music/Club Play-lista, der han nådde 13. plassen.

«All You Ever Think About Is Sex» vart remiksa og gjeven ut som den neste singelen, men gjekk ikkje inn på singellista. Det vart òg laga ein lengre miks og denne kom ut med ein remiksa versjon av albumsporet «Dance Godammit» på både 7"- og 12"-utgåvene.

Verken albumet eller singlane gjorde det særleg godt i Storbritannia.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Ron Mael og Russell Mael

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Henta frå platenotata til In Outer Space.[4]

Produksjon

  • Ron Mael plateprodusent
  • Russell Mael – produsent
  • Dan Lacksman lydteknikar
  • Brian Reeves miksing; lydteknikar
  • Marc Moulin – albumkoordinering
  • Larry Vigon kunstnarisk leiar og design
  • Jim Shea fotografi

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads