In the Army Now av Status Quo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
In the Army Now er det 17. studioalbumet av det engelske rockebandet Status Quo, gjeve ut 29. august 1986 av Vertigo Records. Det vart innspelt i Chipping Norton Recording Studios i Oxfordshire og Jacobs Studios i Surrey, og var det første albumet deira med besetninga som oppstod etter Live Aid, med bassisten Rhino Edwards og trommeslagaren Jeff Rich, som begge kom inn i bandet i mars 1986.[3]
«Eg var blitt fortalt at ingen i selskapet var interesserte i Quo med [bassist Alan] Lancaster og [gitarist Rick] Parfitt» fortalte frontmannen Francis Rossi. «Dei ønskte Parfitt og meg. Eg fekk òg vite at med mindre me gjorde noko i lag, så måtte me betale attende dritmykje pengar… Eg gjorde det heilt klart at eg ikkje kom til å spele med Lancaster igjen, men åtvara oss om at han kom til forby oss å fortsette utan han. Og då me vann gjekk han heilt bananas.»[4]0 Albumet inneheld ein versjon av «In the Army Now», som først vart spelt inn i 1981 av den nederlandske duoen Rob and Ferdi Bolland, og «Speechless», av den tidlegare Mott the Hoople-songaren Ian Hunter frå 1983 på albumet All of the Good Ones Are Taken.
«Tittelsporet var veldig bra», sa Parfitt seinare om albumet, «men det hadde for mykje fyllmasse.»[5]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
Status Quo
- Francis Rossi – gitar, vokal
- Rick Parfitt – gitar, vokal
- Jeff Rich – trommer
- Andrew Bown – klaverinstrument, korvokal
- John «Rhino» Edwards - bass, korvokal
Teknisk
- Pip Williams – produsent
- Dave Edmunds – produsent (på «Rollin' Home» og «Red Sky»)
- Tim 'Ted' Summerhayes – lydteknikar (utanom «Rollin' Home» og «Red Sky»)
- Simon Sullivan – remiksing (på «Calling», «In Your Eyes», «Save Me» og «In the Army Now»)
- Gordon Vicary – mastering (i Townhouse Studios i London)
- Mark Wilkinson – plateomslag
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads