Tomme

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tomme
Remove ads

Tomme (av norrønt þumal) er eit gammalt lengdemål basert på breidda av tommelen ved naglerota, om lag 2,5 cm. Målet er i lita grad i bruk i Noreg i dag, men er derimot utbreidd i område som bruker Imperial units, som Storbritannia og USA, under namnet inch. Ein oppgjev tal målt i tommar med eit hermeteikn, slik at 10 tommar blir skrive 10".

Thumb
To linjalar, lengst til venstre med britiske tommar markert, til høgre centimeter.

Ein norsk tomme vart i 1836 fastsett til å vere 2,614 cm, gjennom at ein fot som var 12 tommar vart fastsett til 31,37 cm. Ein nordamerikansk eller britisk tomme er 2,54 cm. Det er det målet ein får på ein moderne tommestokk, også ein som er produsert i Noreg.

Remove ads

Kjelder

«tomme» i Store norske leksikon, snl.no.


Meir informasjon Forholdet mellom einingane (fra 1541), Omrekning til SI-systemet - frå år ...
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads