Alen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Alen
Remove ads

Alen er eit gamalt lengdemål som i Noreg tilsvarar 0,6275 meter. Tre alner er ein famn. To fot er ei alen. Ordet «alen» kjem frå norrønt alin, ǫln og tyder opphavleg underarm.[1]

Thumb
Alen illustrert på ein arm.

Alen er òg bruka som måleeining i Det gamle testamentet, her tilsvarar ei alen om lag 0,50 meter.[2] Paktkista var to og ei halv alen lang, halvanna alen brei og halvanna alen høg.[3] I Det nye testamentet er det bruka romersk alen, ho er om lag 0,45 meter.


Remove ads

Sjællandsk alen

Thumb
Alenstav montert på døra Sørum kyrkje. Dette for å sikra at lengdemålet ikkje forandret seg ved kjøp og salg.

I mellomalderen og fram til 1. mai 1683 utgjorde ei sjællandsk alen ca. 63,256 cm. I 1541 bestemte kongen at sjællansk alen skulle gjerast gjeldende i heile Danmark-Norge og frå 1615 var dette det einaste lovlege alen ved kjøp og sal. Det hindra likevel ikkje folk i å bruka andre alen lokalt, så lengdemålet alen har variert mykje i Danmark-Norge.

Det nye mål- og vektsystemet vart tilrettelagt av den danske astronomen Ole Christensen Rømer (1644-1710) og var tufta på rhinsk fot (31,402 cm), slik at ei sjællansk alen frå 1683 vart lik 2 rhinske fot eller 62,804 cm. Men viste det seg snart at definisjon til Rømer av den rhinske foten var bygd på ei feilanalyse. Han vart difor frå og med 10. januar 1698 omdefinert til 31,38535 cm, og samstundes vart ei sjællandsk alen justert til 62,7707 cm. Denne lengda heldt seg slik til i 1820, da ein fot i Danmark, ved kongeleg forordning, vart sett til 31,375 cm og ein alen til 62,75 cm (som i Noreg). Men denne forordninga vart oppheva i 1835 og foten sett til 31,385 cm, slik at ein alen frå då av utgjorde 62,77 cm. Denne heldt seg slik til danskane i 1907 gikk over til metersystemet.

I SkælskørVestsjælland fanst det òg ei lokal kortare alen, kalla Skælskøralen, som skal ha vore omkring 56,5 cm langt. Men det er uvisst i kva grad denne var i bruk utanfor Skælskør på Sjælland.

Remove ads

Ell

Ein variant av alen er ell, som er eit lengdemål for klede. Éin engelsk ell svarar til 45 tommer eller 1,143 m, éin flamsk ell = 27 tommer, medan éin fransk ell = 54 tommer

Sjå òg

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads