Indigokronekolibri
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Indigokronekolibri (Saucerottia cyanifrons) er ein kolibri som lever i sentrale Colombia, innanfor Norte de Santander-departementet, Magdalena-dalen, og i øvre Valle del Cauca.
Remove ads
Skildring
Indigokronekolibrien måler i gjennomsnitt 9,1 centimeter, inkludert nebbet på 18 mm. Oversida og heile framdelen av nebbet er svart, men raudt på underkjeven mot nebbrota. Hannen har ei krone som er lys indigo-blå som glir over i grønt på ryggen, og til kopar-bronse på overgumpen. Halen er mørk blå og litt kløfta. Brystet og buken er lys grøn og dei syner kvite duskar rundt beina. Hofuglane er mindre briljante.[1]
Arten lever i habitat av skog, kratt og dyrka område mellom 400 og 2000 moh., men kan gå både høgare og lågare.[1] Føda er nektar frå plantar som Eugenia i myrtefamilien, Hamelia i maurefamilien og epifyttar. Dei jagar òg insekt.[2]
Storleiken på populasjonen av indigokronekolibri er ikkje kjent, arten er skildra som ganske vanleg i utbreiingsområdet.[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads