Indisk dans

From Wikipedia, the free encyclopedia

Indisk dans
Remove ads

Indisk dans omfattar fleire ulike danseformer, som klassisk indisk dans, ei rekkje folkedansar og nyare koreograferte dansar. Mange lokale tradisjonar bygde på støtte frå rike fyrstar, og har gjerne ein forteljande funksjon der dei kan formidla ulike mytar, som soger frå Ramayana eller Mahabharata.[1] I indisk film finn ein ofte store dansenummer som kan vera koreograferte med element frå desse formene. Gjennom den vide utbreiinga til indiske filmar, særleg Bollywood-filmar, er slik dans blitt kjend verda over.

Thumb
Dansetruppen Rudrakshya utøver klassisk odissidans.
Remove ads

Historie

Thumb
Guden Sjiva som Nataradja, 'dansekongen'. Relieff frå Badami.

Kulturelt sett har dans ein viktig plass i det indiske samfunnet. Dans kan vera eit religiøst uttrykk, og fleire gudar blir omtalte som dansarar. Allereie i Rigveda er Indra nemnd som ein dansar. I seinare hinduisme er Sjiva kalla Nataradja, 'kongen av dans'. Sanskritteksten Natyasjastra[2] og religiøse tradisjonar innan hinduismen dannar grunnlaget for det ein reknar som dei klassiske dansane.[3][4][5]

Det finst dokumentasjon på dans i India frå førhistorisk tid. Steinaldermåleri som ved verdsarvstaden Bhimbetka i Madhya Pradesh syner dansescenar.[6] Skulpturar frå Induskulturen, med funnstader i noverande India og Pakistan, viser også dansandefigurar. Til dømes syner den kjende Dansande jente-skulpturen frå rundt 2500 f.Kr. ei jente ståande i noko som gjerne blir tolka som ein dansepositur.[7][8][9]

Remove ads

Nokre ulike dansar

Thumb
Folkedans frå Rajasthan.

Galleri

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads