Ines Müller
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ines Müller, fødd Reichenbach, (fødd 2. januar 1959) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Grimmen i Mecklenburg-Vorpommern som representerte Aust-Tyskland. Ho vann i 1986 EM-sølv og 1987 VM-bronse i kulestøyt.
Remove ads
Aktiv
Ines Reichenbach vart nummer åtte i kuletevlinga ved Sommar-OL 1980 i Moskva. Ho måtte vente i seks år før ho fekk delta i den neste store internasjonale meisterskapen. Som Ines Müller vart ho austtysk meister 1985 i kulestøyt og på ny i 1986. Under europameisterskapen 1986 tok ho sølvmedaljen i øvinga, einast landslagskollega Heidi Krieger støytte lenger. Året etter kneip Müller bronsen i kulestøyt i Friidretts-VM, verdmeister Natalja Lisovskaja frå Sovjetunionen og hennar eiga landskvinne Kathrin Neimke var i eiga klasse. Den 16. mai 1988 sette Müller livsbeste i kulestøyt med 21,57 meter ved eit stemne i Aten. Fire månader seinare var ho langt unna den lengda då OL-finalen i kulestøyt fann stad i Seoul, berga likevel ein fjerdeplass.
Müller var også ein framifrå diskoskastar med ein personbeste på 66,40 meter, oppnådd 22. september 1985 i Berlin.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Remove ads
Kjelder
- «Ines Reichenbach-Müller» (på engelsk). olympedia.org. Henta 14. februar 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Ines Müller» frå Wikipedia på tysk, den 7. juni 2021.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads