Inga Strümke

From Wikipedia, the free encyclopedia

Inga Strümke
Remove ads

Inga Strümke (fødd 1989) er ein norsk fysikar og KI-forskar ved Norwegian Open AI Lab på NTNU.[1]

Remove ads

Bakgrunn

Inga Strümke vart fødd i Gummersbach i Tyskland.[2] Som fireåring flytta ho til Narvik der ho vaks opp. Ho fullførte vidaregåande skule ved Narvik, avdeling Frydenlund i 2007. Same haust byrja Strümke på NTNU der ho tok mastergrad i teoretisk fysikk i 2012.[3] Dinest tok ho doktorgrad i partikkelfysikk ved Universitetet i Bergen i 2019.[4]

Karriere

Strümke er førsteamanuensis og forskar innan maskinlæring, forklarbar kunstig intelligens og KI-etikk ved Norwegian Open AI Lab ved NTNU. Ho har tidlegare mellom anna yrkt med «ansvarlig AI» og algoritmerevisjon som rådgjevar for PwC.[5]

Inga Strümke er ein aktiv formidlar som jamnan vert brukt i media. Ho har mellom anna vore deltakar i Abels tårn, radioprogram om populærvitskap på NRK, og i teknologispalta i avisa Morgenbladet. I 2019 fekk ho formidlingsprisen til Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen.[6]

I 2023 gav Inga Strümke ut boka Maskiner som tenker.[7] Boka vart tildelt Brageprisen for årets beste norske sakprosabok.[8]

I november 2023 fekk ho Forskingsrådets formidlingspris på 500 000 kr.[9]

Remove ads

Bibliografi

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads