Inge Valen
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Inge Magnar Valen (fødd 9. januar 1951) er ein tidlegare fotballspelar og idrettsleiar frå Stavanger. Han vart seriemeister med Viking Fotballklubb åra 1972-75 og sesongen 1979. Valen, som var midtbanespelar, vart i 1979 også cupmeister.
Valen spelte på 3. divisjonslaget Sportsklubben Jarl frå 1968 til 70. Han melde seg så inn i Viking FK og fekk etterkvart fast plass i fyrsteellevaren. I fire sesongar på rad, 1972, 1973, 1974, 1975, gjekk Viking FK til topps i 1. divisjon. Hausten 1974 spelte Viking seg fram til NM-finale på Ullevål stadion, ein kamp som Skeid vann med 3 mot 1. I sin siste sesong med Viking, 1979-sesongen, vann Stavanger-laget og Valen både 1. divisjon og den norske meisterskapen i fotball. 21. oktober 1979 deltok Valen i sin siste Viking-kamp, cupfinalen mot SK Haugar enda med siger 2–1 til Viking.
Remove ads
Valen spelte 2 landskampar i august 1974. Begge kampane enda med norske 1–2-tap, fyrst mot Sverige og ei veke etter mot Finland.
- Seriemeister: 1972, 1973, 1974, 1975 og 1979 for Viking FK
- Noregsmeister: 1979 for Viking FK
Ymse
Komikaren Kristian Valen er son hans.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Inge Valen» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mai 2022.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads