Ingeborg Møller

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ingeborg Møller
Remove ads

Ingeborg Møller (29. desember 187818. februar 1964), opphavleg Katharina Elisabet Storm, var ein norsk forfattar frå Oslo. Ho var dotterdotter til Peter Andreas Munch.

Kjappe fakta

Møller gav frå 1923 ut ei rekke romanar som tok opp kulturhistoriske emne, gjerne prega av eit antroposofisk og religiøst grunnsyn. Trilogien om Job Sveinungsson kom ut 1925–29, omarbeidde ho på sine eldre dagar til Herrens regn. I den nemnde trilogien og i mange andre romanar synte Møller seg som ein kjennar av tenkemåtar, stil og miljø i ulike periodar. I 1948 gav ho ut ein biografi over Henrik Steffens, året etter kom Goethe, et omriss av hans liv og verk. Hennar siste bok, eventyrsamlinga Ridderen med det mørke smilet, kom ut i 1958.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads