Lillehammer kommune

kommune i Innlandet fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Lillehammer kommune
Remove ads

Lillehammer kommune er ein kommune i Innlandet fylke, ved nordenden av Mjøsa. Kommunen grensar i nord mot Øyer, i søraust mot Ringsaker, i sør mot Gjøvik, i sørvest mot Nordre Land, og i vest mot Gausdal. Kyrkjeleg er Lillehammer prostesete i Sør-Gudbrandsdal prosti.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Namnet «Lillehammer» kjem frå gammalnorsk hamarr som tyder berghammar og «Litli-» i samanheng med Hamar og Storhamar.

Lillehammer fekk kjøpstadrettar i 1827 og bystatus i 1842. Kjøpmann Ludvig Wiese reknast som byen sin grunnleggjar. I 1964 vart kommunen slege saman med Fåberg.

Motivet på kommunevåpenet syner til soga om Håkon Håkonson som vart redda frå baglarane av birkebeinarane Torstein Skjelva og Skjervald Skrukka. Dei to birkebeinarane heldt truleg til ved Hammer gard, som den opphavlege tettstaden Lillehammer voks ut i frå. Ruta birkebeinarane tok over fjellet til Østerdalen er bakgrunnen for skirennet Birkebeinerrennet og sykkelrittet Birkebeinerrittet over fjellet mellom Lillehammer og Rena kvart år.

Remove ads

Historie

Thumb
Helleristingar ved Drotten i Fåberg.
Thumb
Lillehammer stasjon.
Foto: Mahlum

Lillehammer fekk kjøpstadrettar i 1827 og bystatus i 1842. Kjøpmann Ludvig Wiese har vore rekna som grunnleggjar av byen, og det vart reist ein statue av han på Lilletorget i samband med Lillehammer sitt 100-årsjubileum. Fram til midten av 1800-talet låg busetnaden hovudsakleg i området rundt Hammer gard. Byen hadde i 1850 om lag tusen innbyggjarar, og hadde gode sambindingar sør- og nordover. Bygginga av hovudbanen Oslo-Eidsvoll i 1852 baserte seg på samband vidare med dampskip langs Mjøsa til Lillehammer, og nylagt veg vidare oppover Gudbrandsdalen. Dette transportsystemet mogleggjorde transitt av tømmer[1] og jordbruksvarer til hovudstaden, og bidrog til byens framvekst.

I 1964 vart kommunen slått saman med Fåberg kommune. I 1973 kom Lillehammer i verdas søkjelys gjennom Mossad si likvidering av ein marokkansk kelner, den såkalla Lillehammer-saka.

Remove ads

Areal og folkesetnad

Dei fleste innbyggjarane bur i sentrum. Byen er delt inn i bydelane Busmoen, Nordre Ål, Søre Ål, Vingnes, Nybu, Jørstadmoen, Røyslimoen, Vårsetergrenda og Fåberg.

Kultur

Thumb
Storgata i Lillehammer.

Lillehammer har gjort mykje for å ta vare på den opphavlege arkitekturen i Storgata. Mange av bygningane av tre er bygd i sveitserstil med saltak, og gamle fargetradisjonar vert halde i hevd. Byen har fått statens byggeskikkpris for Storgata.

Eit stort kulturarrangement, Norsk Litteraturfestival, går føre seg i Lillehammer i mai kvart år.

Lillehammer var vertskap for vinterolympiaden i 1994 saman med Hamar, Gjøvik, Ringebu og Øyer.

Den lokale avisa heiter Gudbrandsdølen Dagningen.

Thumb
Lillehammer kunstmuseum.
Thumb
Lillehammer bibliotek.
Foto: Mahlum

Festivalar

Tusenårsstad

Kommunen sin tusenårsstad er Stortorget, og vart vald til dette av kommunestyret i 1998. Torget vart rusta opp og vart gjenopna 21. juni 2001 samtidig som det vart erklært som Tusenårsstad.

Kort etter at Lillehammer vart kjøpstad i 1827 vart strukturen for byen planlagt med den kvadratiske inndelinga av kvartal. Torget var opphavleg planlagt ovanfor Hammer gard, der Søndre Park er i dag. I 1868 vart plasseringa til der det er i dag vedtatt i formannskapet. Torget vart raskt ein møtestad for lillehamringar både til kvardag og fest. Her var det utstillingar, marked, song og musikk frå eigen paviljong. Her mønstra Gudbrandsdal Bataljon, og dette var hovudarena for nasjonaldagsmarkeringa, noko det også er i dag. Den fyrste torgdagen var i 1907.

Stortorget er utsmykka med «Slaven» av bilethoggaren Rolf Lunde og ein statue av Anders Sandvig, grunnleggjaren avMaihaugen, laga av Arne Durban. Mellom Lillehammer kino og Lillehammer Kunstmuseum ligg kunsthagen som er laga av Bård Breivik.

Stortorget blir i dag brukt til torghandel måndag, onsdag og laurdag. Ein del laurdagar i løpet av året blir det arrangert Bondens Marked kor det blir seld mat og handverk frå lokale produsentar. Dei to siste åra har det også vore arrangert internasjonal marknad med produsentar frå Italia, Frankrike og andre land i Europa. Torget blir også brukt som parkeringsplass når det ikkje er andre arrangement der.

Remove ads

Idrett

Thumb
Lysgårdsbakkane

Vinter-OL i 1994

Lillehammer var arrangør av dei 17. olympiske vinterleikane i 1994, med delar av arrangementet vidarefordelt til Gjøvik, Øyer, Ringebu og Hamar.

Idrettslag i kommunen

Idrettsarrangement

  • Birkebeinerrennet blir arrangert kvart år i mars.
  • Ingalåmi blir arrangert kvart år i mars.
  • Birkebeinerrittet blir arrangert kvart år i august.
  • Birkebeinerløpet blir arrangert kvart år i september.
  • Worldcup hopp i Lysgårdsbakken.
  • Baldus cup, handball, blir arrangert kvart år i april.
  • Lillehammer cup (innefotball)
Remove ads

Verd å vitja

Thumb
Garmo stavkyrkje ved Nordre tjern på Maihaugen.
Foto: Øyvind Holmstad
Thumb
Frå byavdelinga på Maihaugen.
Foto: Øyvind Holmstad
Thumb
Eventyrslottet i Hunderfossen familiepark.
Thumb
Demninga på Hunderfossen.
Foto: Erlend Bjørtvedt
Remove ads

Utdanningsinstitusjonar

Verdt å sjå eller vere med på i Lillehammer

  • Maihaugen, som er eit kulturhistorisk museum som tidlegare hadde namnet Dei Sandvigske Samlinger og no heiter Lillehammer museum
  • Lillehammer kunstmuseum
  • Norsk Litteraturfestival, ein stor og allsidig festival som går føre seg kvart år i mai
  • Lillehammer Olympiapark
  • Norsk Kjøretøyhistorisk Museum
  • Norges Olympiske Museum
  • Svarga, Marcello Haugen sin bustad
  • Bjerkebæk, Sigrid Undset sin bustad
  • Kristins Hall, heimearenaen til Lillehammer ishockeyklubb
Remove ads

Forsvaret

Kjende personar frå Lillehammer

Thumb
Atle Antonsen under «En lun aften».
Foto: Stig Ove Voll
  • Marcello Haugen (1878–1967), synsk naturlege
  • Sigrid Undset (1882–1949), forfattar og nobelprisvinnar, busett på Bjerkebæk frå 1919
  • Odd Grythe (1918-1995), underhaldar og fjernsynsmann
  • Jakob Weidemann (1923–2001), målar busett på garden Ringsveen frå 1968
  • Håkon Brusveen (f. 1927), skiløpar og olympisk meister i 1960
  • Jon Gangdal (f. 1954), journalist, forfatter og fjellklatrer
  • Atle Antonsen (f. 1969), komikar
  • Åsne Seierstad (f. 1970), forfattar og journalist
  • Ingrid Olava (f. 1981), norsk musikar
  • Johnny Engdal Silseth (f. 1982), mest kjend under artistnamnet Jaa9
  • Mari Skeie Ljones (f. 1982), hardingfelespeler frå Jørstadmoen
  • Pål Tøien (f. 1984), mest kjend under artistnamnet OnklP.

Kjelder

  • NAF, Norges Automobil-Forbund: NAF Veibok 2004

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads