Ingvild Vaggen Malvik
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ingvild Vaggen Malvik (fødd 3. april 1971) er ein norsk politiker. Ho vart vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag for Sosialistisk Venstreparti i 2001 og ho var vararepresentant i perioden 2005–2007. Også då møtte ho fast, sidan Øystein Djupedal var medlem av regjeringa.
Ingvild Vaggen Malvik vart fødd i Trondheim, som dotter til sjukepleiar Aasa Vaggen (f. 1930) og dreiar Henry Normann Malvik (f. 1933). Ho utdanna seg sidan til cand.polit. i statsvitskap frå NTNU (2000), og har arbeidd som utreiar for Framtiden i våre hender, vitskapeleg assistent og forskar ved NTNU.
Ho var varamedlem av Malvik kommunestyre 1991-1995 (møtte fast 1994-95) for Arbeidarpartiet og medlem av Sør-Trøndelag fylkesting 1995-1999. Ho var leiar av Sør-Trøndelag AUF 1991-1993 og styreleiar i Framtiden i våre hender 1998-01.
Ingvild Vaggen Malvik arbeider som seniorrådgivar i NVE.
Remove ads
Stortingets presidentskap
- 2001–2005 sekretær i Lagtinget.
Stortingskomitéar
- 2005–2007 medlem i Næringskomiteen
- 2001–2005 medlem i Energi- og miljøkomiteen
- 2001–2005 varamedlem i Valkomiteen
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ingvild Vaggen Malvik» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads