Inhulets
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Inhulets (ukrainsk Інгулець) eller Ingulets (russisk Ингуле́ц) er ei høgre sideelv til Dnepr, som renn gjennom Ukraina. Ho er 549 km lang og har eit nedslagsfelt på 14 870 km².
Inhulets spring ut i Dneprhøglandet nær byen Kropyvnytskyj i Kirovohrad oblast, kring 30 km frå sjølve Dnepr. Dei to renn parallelt det meste av leia hennar. Inhulets renn sørover gjennom Dnipropetrovsk, Kherson og Mykolaiv oblast, før ho kring 30 km aust for byen Kherson munnar ut i Dnepr.
Nær byen Kryvyj Rih ligg det nokre småøyar i elva.
Nokre av sideelvane til Inhulets er Saksahan og Vysun. Byar langs elva er mellom anna Kryvyj Rih, Inhulets og Snihurivka.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Inhulets River» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads