Kryvyj Rih

by i Ukraina From Wikipedia, the free encyclopedia

Kryvyj Rih
Remove ads

Kryvyj Rih (ukrainsk Кривий Ріг; russisk Кривой Рог, Krivoj Rog) er ein by sentralt i Ukraina. Han ligg Dnipropetrovsk oblast, sørvest for Dnipropetrovsk, ved samløpet mellom elvane Inhulets og Saksahan. Byen har kring 650 000 innbyggjarar (2007).

Kjappe fakta Land, Province ...

Kryvyj Rih er utan tvil den største stålindustribyen i Aust-Europa, og eit globalt viktig metallurgisk senter i Kryvbas-regionen.

Remove ads

Historie

Byen vart grunnlagd på 1700-talet av zaporozje-kosakkar. Kryvyj Rih tyder på ukrainsk 'krokete horn'. I følgje ei lokal segn vart byen grunnlagd av ein krokete (ukrainsk sjargong for einøygd) kosakk kalla Rih. Men ein veit at namnet på byen vart nytta om dette området før byen vart grunnlagd på grunn av forma på landområdet der elva Saksagan munnar ut i Inhulets.

Industriveksten i området byrja i 1880-åra då europearar byrja å investere i gruvedrifta her. Metallverka i byen, særleg Kryvorizjstal, vart utvida i sovjettida og er i dag eit av dei største i verda.

Under den russiske borgarkrigen vart byen og området kring kjernen i anarkiopprøret til Nestor Makhno.

Under andre verdskrigen vart Kryvyj Rih nesten totalt øydelagd av den flyktande raude armeen. Etter krigen levde folk blant ruinane medan husa vart gjenoppbygde. Husmangelen vart møtt med innovative teknologiske løysingar som gjorde at ein raskt kunne byggje brakker og hus i raskt tempo.

Remove ads

Klima

Kryvyj Rih har eit tørt steppeklima (Bsk) i følgje Köppen si klimaklassifisering. Dette gjev varme somrar og kalde vintrar med lite nedbør.

Meir informasjon Vêrdata for Kryvyj Rih, Jan ...
Remove ads

Bilete frå Kryvyj Rih

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads