Inkhil
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Inkhil (arabisk أنخل, òg skrive Ankhil) er ein by i al-Sanamayn-distriktet i Daraa guvernement sør i Syria, nord for Daraa og like aust for Golanhøgdene på Hauransletta. I 2004 registrerte Syrisk statistisk sentralbyrå eit folketal på 31 258.[1]
Remove ads
Historie
Under Romarriket var Inkhil dominert av det ghassanidske arabiske kongedømet, ein vasall under romarane, basert i den nærliggande Jabiya i vest.[2] Blant ruinane i byen finst det ein stor villa, datert til 100-talet evt.. Inne i bygningen er ein stor kvelva sentral hall, som er knytt til fleire rom med byster og andre bysantinske skulpturar av basalt. Fasaden har ein særs dekorert inngang og konkylieforma nisjer.[3]
Byen bestod av kring 50 hus tidleg i 1840-åra og alle innbyggjarane var muslimar.[4] I Palestine Exploration Fund sitt Quarterly Statement vart Inkhil registrert å vere ein «liten plass med 55 til 60 hus».[5]
Inkhil var ein av dei første byane som deltok i opprøra som førte til den syriske borgarkrigen mot regjeringa til Bashar al-Assad i mars 2011 etter demonstrasjonane i Daraa.[6] Den 19. august vart fire demonstrantar drepne og dusinvis skadde etter at syriske tryggingsstyrkar skaut mot demonstrasjonen frå ein moské etter fredagsbøna.[7]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads