Innaarsuit

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Innaarsuit (tidlegare stava Ivnârssuit) er ei bygd i Avannaata kommune, nordvest på Grønland. Bygda hadde 175 innbyggjarar i 2018.[3]

Kjappe fakta Land, Areal ...

Busetnaden ligg rundt 55 km nord for Upernavik. Det er ein helistop her, som ligg like ved søppelplassen til bygda. Det er laga til ein ganske ny veg gjennom bygda og ut til helistoppen.

I 1997 blei det opna ein internettcafé her. KNI (Kalaallit Niuerfiat) driv ein daglegvarebutikk her. Skulen i bygda, Fiilimuup Atuarfia, blei utbygd og renovert i 1992, og har rundt 20 elevar.

Bygda fekk mykje internasjonal omtale i juli 2018, då eit stort isfjell grunnstøytte rett utanfor kysten. Delar av befolkninga blei evakuert i frykt for at isfjellet skulle kalva, og dermed utløysa ei flodbølgje inn mot bygda.[4][5]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads