Innerdalshytta

From Wikipedia, the free encyclopedia

Innerdalshyttamap
Remove ads

62°43′18.2″N 008°46′30.5″E

Thumb
Innerdalshytta.
Foto: Ola Njå

Innerdalshytta er ei turisthytte i Innerdalen i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Hytta er utgangspunkt for fjellturar til fleire toppar i Trollheimen, mellom anna Innerdalstårnet og Skarfjellet.

Det er to hytter i området, som begge er eigde og drivne av Kristiansund og Nordmøre Turistforening. Innerdalshytta er den eldste av dei og vart bygd i 1893 som den første turisthytta nord for Dovre. Hytta vart restaurert i 2005 og 2006 og har sengeplassar til 31 personar. I 2008 vart den andre hytta, Låven, opna. Låven har sengeplass til 20 personar fordelt på 8 rom og fungerer som sjølvbetent hytte i vinterhalvåret. Innerdalshytta er då stengd.

Nært Innerdalshytta ligg Innerdal turisthytte, som er ei privat hytte. Eit stykke lenger fram i dalføret ligg Renndølsetra. Begge desse hyttene er betente i sommarhalvåret.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads