Innsprøytingsmotor

From Wikipedia, the free encyclopedia

Innsprøytingsmotor
Remove ads

Innsprøytingsmotor er ein stempelmotorar med innvendig forbrenning som syg inn luft i sylindrar og drivstoffet vert sprøyta inn gjennom ei dyse. Det finst ulike typar innsprøytingsmotorar:

  • Direkteinnsprøyting
    • Glødehovudmotorar, som vart oppfunnen av Herbert Akroyd Stuart, som tok ut det fyrste patentet på han i 1885 og laga den fyrste prototypen i1886. Glødehovudmotorar går på råolje, som vert sprøyta inn i eit kammer under kompresjonstakta, lenge før stemplet når øvre daudpunkt. Glødehovudmotorar har låg kompresjon og tenninga forgår ved at drivstoffet vert sprøyta mot veggane i eit glødekanner i sylindertoppen, som ikkje er avkjølt og difor vert raudglødande. Glødehovudmotorar, vart nytta fram til 1950-talet og var som oftast totaktsmotorar.
    • Dieselmotorar, som vart oppfunnen av Rudolf Diesel, som tok patent på han i 1892. Dieselmotorar har så høg kompresjon drivstoffet sjølvtenner det vert sprøyta inn. Små og middels store dieselmotorar er vanlegvis firetaktsmotorar, medan dei fleste stor dieselmotorar er totaktsmotorar.
    • Hesselmanmotorar går på råolje og nyttar elektrisk tenning.
    • Bensinmotorar med direkteinnsprøyting i forbrenningsrommet nyttar elektrisk tenning.
  • Indirekte innsprøyting (manifoldinnsprøyting)
    • Bensinmotorar med manifoldinnsprøyting nyttar elektrisk tenning..
Thumb
Innsprøytingspumpe til dieselmotor (Bosch).
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads