Rudolf Diesel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rudolf Diesel
Remove ads

Rudolf Christian Karl Diesel (18. mars 185829. september 1913) var ein tysk ingeniør og oppfinnar. Diesel er kjend for oppfinninga av dieselmotoren.[1] Drivstoffet diesel er oppkalla etter han.

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Thumb
Rudolf Diesel i 1883.
Remove ads

Bakgrunn

Diesel vart fødd i Paris i Frankrike. Foreldra var tyske innvandrarar som stamma frå Bayern. Omstenda kring korleis han døydde er uklåre. Diesel forsvann frå postbåten «Dresden» under ei overfart frå Antwerpen til Harwich.

Diesel hadde si utdanning frå Königlich Bayerische Technische Hochschule München, den polytekniske høgskulen i München. Etter utdanninga byrja han å arbeida med kjøleskap, men fekk mest interesse for forbrenningsmotorar.

Oppfinninga

Diesel er kjend for dieselmotoren som han fekk to patent på i 1893, med forbrenningskammer i ein sylinder. Fram til vart motoren vidareutvikla og sett i produksjon. Før han fekk motoren produksjonsklar vart Diesel nesten drepen, då ein motor eksploderte.[2]

Dieselmotoren skilde seg frå andre forbrenningsmotorar ved at kompresjonen, og difor temperaturen i brennkammret, var så høg at drivstoffet sjølvtente når det vart sprøyta inn. Det var difor ikkje bruk for tennplugg eller glødehovud. Namnet han sjølv brukte på denne motoren var oljemotor, og modellen han synte fram på verdsutstillinga i Paris i 1900 brukte peanøttolje som drivstoff.

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads