Innvik
tettstad i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Innvik er ein tettstad og eit sokn i Stryn kommune i Vestland. Innvik var òg ein kommune frå 1837 til 1965. Tettstaden har 419 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg på sørsida av Innvikfjorden, som er ein del av fjorden Nordfjord, 17 kilometers køyring frå Olden og 34 kilometers køyring frå kommunesenteret Stryn.
Her ligg Innvik kyrkje og barneskulen Innvik skule.
Skogstad Sport har sitt hovudkontor i Innvik.[1] Møbeltekstilprodusenten Innvik AS har òg hovudkontor i Innvik.[2]
Remove ads
Innvik kommune
Innvik vart oppretta som Innvik formannskapsdistrikt i 1837. I 1843 vart Innvik deld og Stryn skild ut som eige formannskapsdistrikt. Innvik hadde 2 675 innbyggjarar etter delinga. 1. oktober 1922 vart Raksgrenda i Innvik med 120 innbyggjarar overført til Stryn. 1. januar 1965 vart Innvik som då hadde 3 003 innbyggjarar slegen samn med Stryn og delar av Hornindal og Gloppen kommunar til den nye Stryn kommune.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for tidlegare Innvik kommune frå 1843 til 1963:
- aTalet omfattar Raksgrenda, som var del av Innvik kommune fram til 1922, då ho vart overført til Stryn kommune. Området hadde då 120 innbyggjarar.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads