Instinct

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Instinct er det niande studioalbumet til den amerikanske songaren Iggy Pop, gjeve ut i juni 1988 på plateselskapet A&M.

Meir informasjon Iggy Pop-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Etter det særs popaktige og radiovennlege Blah Blah Blah venta A&M eit nytt hit-album frå Pop, men i staden spelte han inn eit tungt, hardrockalbum. Det var meir retta mot heavy-metal med Steve Jonesgitar.

Albumet nådde 110. plass på albumlista i USA.

Den første singelen frå albumet, «Cold Metal», nådde 37. plass på Mainstream rock-lista og Iggy vart nominert til Grammy-prisen for beste hardrock/metal-framføring i 1989.

Albumet vart rangert på 69. plass på lista til Kerrang! over dei 100 beste heavy metal-albuma gjennom tidene.

Det vart laga videoar for «Cold Metal» og «High On You».

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Iggy Pop, bortsett frå der andre er nemnde

Medverkande

  • Iggy Pop: vokal
  • Steve Jones: gitar
  • Seamus Beaghen: klaverinstrument
  • Leigh Foxx: bass
  • Paul Garisto: trommer
  • Jeff Bova: programmering - Cmi
  • Nicky Skopelitis: programmering - klaverinstrument
Teknisk
  • Robert Musso - innspeling
  • Martin Bisi - vokalteknikar
  • Gary Grimshaw - design
  • Donald Krieger - grafikk
  • Paul McAlpine - fotografi

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads