Internasjonalt farvatn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Internasjonalt farvatn
Remove ads

Internasjonalt farvatn (latin mare liberum, 'fritt hav') viser til havområde som ikkje inngår i territorialfarvatnet til nokon stat og er område utanfor jurisdiksjonen til alle statar. Her gjeld difor ingen nasjonale lovar, og dette har vorte utnytta, mellom anna til å driva uregulert fiske, senda såkalla piratradio, driva kasinoverksemd, driva smugling av ulovlege varer som narkotika[1] og ansvarsfråskriving for oljeutslepp. a

Thumb
Illustrasjon av maritime grenser innan havrett.
Thumb
Internasjonalt farvatn, markert med blått.

Nyare internasjonale avtalar og konvensjonar har lagt føringar også for kva ein kan gjera og ikkje gjera i internasjonalt farvatn.[2]

Kyststatane kan erklæra ei økonomisk sone ut til 200 nautiske mil frå grunnlinja. I den økonomiske sona har kyststaten einerett til naturressursane i sjøen, på og under havbotnen, til dømes fisk og petroleum. Kyststaten har ikkje full suverenitet eller jurisdiksjon i den økonomiske sona, og i andre samanhengar enn utnytting av naturressursar er det internasjonale farvatn som gjeld.

Skip som seglar i internasjonalt farvatn er generelt under jurisdiksjon til det flagget det eventuelt seglar under.[3] Viss eit skip likevel er involvert i ein kriminell aktivitet, som piratverksemd, kan kvar og ein nasjon utøva jurisdiksjon under doktrinen om universell jurisdiksjon.[4]

Remove ads

Sjå òg

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads