Internet Protocol

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Internet Protocol (IP) er ein nettprotokoll som tar seg av adressering for einingane i eit (pakkesvitsja) datanett.

Kvar eining innanfor same del av eit datanett må ha ei unik IP-adresse. IP, saman med transportprotokollen TCP, utgjer den vanlegaste standarden for datanettkommunikasjon i dag, både i lokale nett (LAN) og i utvida datanett (WAN), slik som t.d. Internett.

Private IP-adresser

Når ein ynskjer å tildele IP-adresser på lokale nett, er det naudsynt å følgje standard IP-nummertildeling som definert i RFC 1918.[1]

Internetnummertildelingsmyndigheitene IANA (Internet Assigned Numbers Authority[2]) har reservert følgjande tre bolkar med IP-adresseområde for bruk i private nett:

10.0.0.0-10.255.255.255 (10/8 prefix)
172.16.0.0-172.31.255.255 (172.16/12 prefix)
192.168.0.0-192.168.255.255 (192.168/16 prefix)

Det særskilte med desse adressene er at dei ikkje lèt seg rute på internett, men berre kan nyttast innan private nett.

Det er elles anbefalt at ein nyttar adresseområdet 172.16.0.0  172.31.255.255 i samband med adresseomsetjing (NAT), kopling og ruting mellom to private nett, medan dette adresseområdet ikkje bør nyttast til eige internt nett. Dette for å unngå konfliktar mellom interne adresser og eksterne frå andre private nett.

Remove ads

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads