Interrobang

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Interrobang, , spørjeropsteiknet, er eit moderne og sjeldant brukt skiljeteikn i typografien. Teiknet er ei blanding av eit utropsteikn og eit spørjeteikn, og tyder det same som begge desse teikna brukt etter kvarandre, ein kombinasjon ofte brukt i uformell tekst. Til dømes vil Kva?! kunne erstattast av Kva.

Kjappe fakta ‽ Skiljeteikn ...

Teiknet blei laga i 1962 av den amerikanske reklamemannen Martin K. Speckter, som håpte å kunne lage reklametekstar med eit sterkare uttrykk.

Remove ads

Å lage teiknet

Teiknsett

skriftfamiliar har spørjeropsteiknet, mellom desse er:

  • Arial Unicode MS:
  • Palatino Linotype:
  • Lucida Sans Unicode:
  • Per 23. november 2016 følgjande Google Web Fonts: Source Sans Pro, EB Garamond, News Cycle, Cantarell, Nova Mono og GFS Neohellenic.[1]

Unicode

Spørjeropsteiknet er del av Unicode-kodeblokka «General Punctuation» (generell teiknsetting – U+2000–U+206F) og har Unicode-koden U+203D.

HTML

For å generere spørjeropsteiknet i HTML kan ein nytte koden <span style="font-family:'Arial Unicode MS';">&#x203D;</span>, der "&#x203D;" er spørjeropsteiknet sin Unicode–HTML-kode. Alternativt kan ein nytte pseudo-element i CSS og referere til ein klasse i HTML slik:

<head>
<style>
.interrobang { /* Eller eit kva som helst anna navn, f.eks. «.spørjerop» */
    font-family: "Arial Unicode MS" /* Kan erstattast med skriftene som lista over */
    }
.interrobang::after {
    content: "\203d"
    }
</style>
</head>

<body>
<p>Då eg overraska kompisen min, ramla du ut av han eit <q><span class="interrobang">Kva</span> <span class="interrobang">Er du her</span></q>
</body>

Dette vert rendra slik:

Då eg overraska kompisen min, ramla du ut av han eit «Kva‽ Er du her‽»

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads