Inti
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Inti er namnet på sol- og skaparguden i inkamytologi. Han blei også rekna som stamfar til inkaene gjennom å vera far til den første inkaen, Manco Capac, og syskena Mama Ocllo, Kon og Pachacamac. Inti blir framstil som eit ansikt framfor ei solskive som sender ut solstråler.
Inti sjølv var son av Viracocha og Mama Cocha, og var gift med Mama Killa. Han var vernegud for Inkariket og knytt til regnbogen. Inti styrte stjernene, og ei solformørking var teikn på at han var sint. Den regjerande inkaen blei sett på som ein levande representant for guden.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Inti» frå Wikipedia på svensk, den 11. juli 2008.
Denne religionsartikkelen som har med Ecuador og Peru å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads