Iñupiaq
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Iñupiaq eller inupiak er ei gruppe av dialektar av inuitt-språka som blir snakka i dei nordlege og nordvestre delane av Alaska. Til saman blir desse dialektane snakka av omtrent 2000 menneske, av rundt 20 700 iñupiaqfolk.[1]
Remove ads
Dialektar
Iñupiaq kan delast inn i fem dialektar, som til saman utgjer tre hovudgrupper.
- Den nordlege gruppa:
- 1. North slope iñupiaq
- 2. Malimiut-dialekten
- Området rundt Anatuvuk-passet:
- 3. Nunamiu-dialekten
- Dialektane rundt Seward-halvøya
- 4. Beringsund-dialekten på King Island og Diomedes
- 5. Qawiaraq-dkalekten, som blir snakka i Teller og landsbyane sør for Nome så langt som til Unalakleet.
Grammatikk
Iñupiaq skil seg lite frå dei andre inuit-språka. Det har tre vokalar, i, u, a, og det er eit agglutinerande språk.
Morfologi
Substantiv
Iñupiaq er eit ergativt språk, det vil seie at objektet til eit transitivt verb står i same kasus som subjektet til eit intransitivt verb (kasus absolutiv). Til saman har iñupiaq fem kaus: Absolutiv, relativ, terminativ, lokativ og ablativ.
Substantiv står i eitt av tre numerus, singularis, dualis og pluralis. Dei kan også uttrykke person eller tal for possessor, tre personar og tre tal. I tillegg til grunnforma får kvar kasus-numeruskombinasjon dermed ni former, dvs. eit grunnleggjande substantivparadigme består av 150 ordformer.
Remove ads
Skriftspråk
Iñupiaq blir skrive med det latinske alfabetet. Rettskrivinga vart utarbeidd av Roy Ahmaogak, ein inupiaq frå Barrow, i lag med den amerikanske lingvisten Eugene Nida. I tillegg til det engelske alfabetet bruker iñupiaq bokstavane ġ ḷ ł ł̣ ñ ŋ.
Litteratur
- MacLean, Edna Ahgeak 1986: North Slope Iñupiaq grammar : first year. Fairbanks, Alaska : Alaska Native Language Center, College of Liberal Arts, University of Alaska
- Kaplan, Lawrence D. 1981: Phonological issues in North Alaskan Inupiaq. Fairbanks, Alaska : Alaska Native Language Center, University of Alaska Fairbanks
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads