Ioannis Kapodistrias
gresk diplomat og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Grev Ioannis Kapodistrias (10. februar 1776–27. september 1831) var ein gresk diplomat og statsmann. Han var den fyrste statsleiaren for det sjølvstendige Hellas, og er rekna som grunnleggjaren av den moderne greske staten[1][2][3][4] og arkitekten bak gresk sjølvstende frå Det osmanske riket. [5] Før dette verka han som utanriksminister for Det russiske tsardømet, og var ein framståande politikar og diplomat i Europa.[6][7][8][9]
Kapodistrias studerte både medisin, filosofi og juss ved Universitetet i Padova i Italia. Då han blei 21 år gammal, i 1797, byrja han den medisinske praksisen sin som doktor. Han var gjennom heile livet sitt ein djupt liberal filosof og ein ekte gresk demokrat. Då han blei president sette Kapodistrias i gang med ei stor reform og moderniseringsprogram som dekte alle område.
Ei av dei mange reformene hans var å undergrava autoriteten til dei tradisjonelle klanane og dynastia. Kapodistrias såg på desse klanane og dynastia for å vera ein del av den ubrukelege arven frå ei gresk fortid som no var forelda. Men han undervurderte den politiske og militære styrken til capetanei (καπεταναίοι, 'kommandørane'), som hadde leia det greske opprøret mot Tyrkia i 1821, og som hadde ei leiarrolle i den post-revolusjonære greske regjeringa.
Han blei skoten og drepen i 1831 av dei politiske motstandarane sine. Desse blei seinare dømde til døden av ein krigsrett og avretta ved skyting.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads