Iram Haq
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Iram Haq (fødd 1. januar 1976) er ein norsk skodespelar, filmregissør og songar. Ho har gjort seg merka som filmskapar, både med kortfilmar og spelefilmar, og har vunne Amandaprisen to gongar og Kanonprisen tre gongar for filmane sine. Haq har utdaning som art director frå Westerdals reklameskole.
Remove ads
Bakgrunn
Haq vaks opp på Stovner. Foreldra hennar var arbeidsinnvandrarar frå Pakistan, og Haq hevdar at ønskjet deira om å skjerme henne frå norsk kultur kom av at dei ikkje «hadde tid til å integrere seg, de måtte jobbe og sikre sin fremtid for barna. Du skal ha overskudd og mot til å klare å integrere deg.»[1]
Skuespiller
Haq spela hovudrolla som Jasmin, med Bjørnar Teigen som motspelar, i filmen Import-eksport. Haq hadde også rolla som Fatima Silmandar i humorserien Borettslaget, som sjukepleiar i dramaserien Berlinerpoplene og som eit av drapsofra i Varg Veum-filmen Falne engler.
Filmskapar
Kortfilmar
Haq har laga fleire kortfilmar. Den første filmen hennar heitte Trofast. Utan filmerfaring skreiv Haq manus, var skodespelar, regiassistent og kostymeansvarleg. Filmen vart plukka ut til filmfestivalen i Venezia som einaste norske bidrag i 2004.[1] Haq debuterte som regissør med kortfilmen Skylappjenta, der ho spela hovudrolla og skreiv manuset sjølv. Skylappjenta er ein ny versjon av Raudhette, med tokulturell problematikk. Filmen har vunne fleire norske prisar og den internasjonale Ellen Award på festivalen Aspen Shortfest, og var plukka ut til Sundance filmfestival i 2010.
Spelefilmar
Haq debuterte som spelefilmregissør med filmen Jeg er din, som hadde premiere 18. august 2013. Denne filmen hadde ho også sjølv skrive manus til.[2] For filmen vann hun Kanonprisen 2013 i klassen beste manus.[3]
Den andre spelefilmen hennar Hva vil folk si hadde noregspremiere 6. oktober 2017.[4] For denne filmen vann ho prisane for beste regi og beste filmmanus under både Amandaprisen 2018 og Kanonprisen 2017.[5] Filmen vann dessutan Amanda-klassene beste norske kinofilm og beste mannlege skodespelar (Adil Hussain) og var nominert i ytterlegare tre klasser.[6]
Forfattarskap
Biletbok
Haq gav også ut Skylappjenta som biletbok på Cappelen Damm forlag, med illustrasjonar av Endre Skandfer. Boka var nominert til Kulturdepartementets debutantpris, og vart også nominert til UPrisen 2010.[7]
Roman
Den fyrste romanen til Haq, Uelsket, vart gjeven ut 2021.[8]
Priser og nominasjoner
- Nominert til Kulturdepartementets debutantpris 2010 for Skylappjenta
- Nominert til UPrisen 2010 for Skylappjenta
- Kanonprisen 2013 i klassen beste manus for Jeg er din
- Nominert til Kanonprisen 2013 i klassen beste regi for Jeg er din[9]
- Nominert til Amandaprisen 2014 i klassen beste filmmanus for Jeg er din[10]
- Kanonprisen 2017 i klassen beste regi for Hva vil folk si
- Kanonprisen 2017 i klassen beste manus for Hva vil folk si
- Amandaprisen 2018 i klassen beste regi for Hva vil folk si
- Amandaprisen 2018 i klassen beste filmmanus for Hva vil folk si
- Filmkritikerprisen 2018 for Hva vil folk si
- Edith Carlmar-prisen 2018
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads