Iransk Kurdistan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Iransk Kurdistan eller Aust-Kurdistan (kurdisk: Rojhilatê Kurdistanê), er eit uoffisielt namn på dei nordvestlege områda av Iran busett av kurdarar. Området grensar til Irak og Tyrkia. Det omfattar Kurdistan-provinsen, Kermanshah-provinsen og delar av Vest-Aserbajdsjan.[1] og Ilam-provinsen.[2][3][4]
Kurdarar reknar generelt Iransk Kurdistan (Aust-Kurdistan) som ein av dei fire delane av eit Stor-Kurdistan, som òg omfattar delar av det søraustlege Tyrkia (Nord-Kurdistan), det nordlege Syria (Vest-Kurdistan) og det nordlege Irak (Sør-Kurdistan).[5]
I følgje ei folketeljing i 2006 hadde dei fire kurdisk-busette provinsane i Iran eit samla folketal på 6,7 millionar innbyggjarar.[6]
Av dei fire til fem millionane[7][8][9][10][11] iranske kurdarane, er ein stor del av dei sjiamuslimar.[12] Under den iranske revolusjonen klarte ikkje dei store kurdiske partia å absorbere sjia-kurdarane, som på den tida ikkje hadde noko interesse i sjølvstyre.[13][14] Mensidan 1990-åra har kurdisk nasjonalisme kome inn i det sjia-kurdiske området, dels på grunn av sinne mot valdeleg undertrykking frå styresmaktene mot kurdarane lengst nord.[15]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads