The Irrawaddy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Irrawaddy er eit uavhengig internasjonalt magasin som i hovudsak tek føre seg tema som handlar om diktaturet Burma og Søraust-Asia generelt. Bladet er ikkje tilknytt nokon politiske organisasjonar, men har som føremål å fremje fridom, uavhengig presse og frigjering av informasjon. Bladet har høg truverd og kan vise til tingarar med tilknyting til internasjonale organisasjonar og statsapparat over heile verda.

Irrawaddy er òg ei vanleg nemning på den burmesiske elva Eravati (Irrawaddy/Ayeyarwady)

Irrawaddy vert redigert på engelsk, har ingen innteningsføremål, og vert halden i drift av donorar frå heile verda. Bladet vert trykt av Nopburee Press i Chiang Mai (Thailand), der redaksjonen òg har hovudkontor.

Irrawaddy Publishing Group vart tufta i 1992 av eksil-burmesarar i Thailand.

Noverande (2005) redaktør er Aung Zaw.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads