Eravati

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eravati
Remove ads

Eravati (burmesisk ဧရာဝတီ), eng. Ayeyarwaddy, tidlegare Irrawaddy, er den største elva i Burma, og har lenge vore viktig for transport og jordbruk. Ho har utspring like nord for den burmesisk-kinesiske grensa i dei tibetanske fjella før ho flyt gjennom dei sentrale delane av Burma og renn ut i Andamanhavet i eit niarma elvedelta.

Thumb
Elva og den ufullførte stupaen ved Mingun.
Thumb
Kart over elva og vasstilførselen hennar.
Remove ads

Geografi og ferdsel

Eravati er rundt 2 170 km lang og bekkenet har ei flatevidd på rundt 411 000 km².

Vatn frå elva blir brukt til irrigasjon, særleg i dei sentrale delane av Burma, der nedbørsmengden er liten. Ho er òg den viktigaste vassvegen i landet, og var lenge den einaste transportvegen inn i landet. Under kolonitida var Eravati kjend som vegen til Mandalay, den viktigaste ferdselsåra frå havet til den kongelege hovudstaden. Store skip kan følgja elva 1600 km innover til Myitkyina, deretter gjer store sandbanker og øyar navigasjonen vanskeleg. I dag tek mange turistar cruiseturar langs elva. I mange år var det berre ei bru som kryssa elva, Inwabrua.

Remove ads

Namnesoge

Namnet Eravati er pali og kjem sannsynlegvis frå sanskrit «airavati», som er namnet til guden Indra sin elefant. Namnet blei òg brukt om ei mytologisk elv i hinduismen, og er blitt kopla til den moderne elva Ravi.

Elva har gjeve namn til irrawaddydelfinen, Orcaella brevirostris, som mellom anna held seg her. Tidsskriftet The Irrawaddy har òg teke namnet sitt frå elva.

Bakgrunnsstoff

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads