Irsk steppedans

From Wikipedia, the free encyclopedia

Irsk steppedans
Remove ads

Irsk steppedans er ein framsyningsdans med røter i tradisjonell irsk dans. Han er typisk kjenneteikna av at dansaren held overkroppen stiv og dansar med raske og presise fottrinn. Dansen kan framførast solo eller i grupper. I tillegg til offentlege framsyningar blir det òg halde steppedanskonkurransar over heile verda. Desse konkurransane blir ofte kalla feiseanna (eintal feis). I irsk danskultur er ein feis ein tradisjonell gælisk kunst- og kulturfestival.

Thumb
Irsk dansegruppe opptrer under Den internasjonale folklorefestivalen i Plovdiv i Bulgaria. Dansarane bruker sko med harde solar.
Thumb
Irsk steppedansarar i Alaska. Dansarane bruker ghillies.
Thumb
Nye irske danseframsyningar er ofte inspirerte av tradisjonell steppedans.
Remove ads

Drakt

I dag blir drakta rekna som ein viktig del av framsyninga i tevlingar og framsyningar av irsk steppedans. I mange tilfelle blir drakter selde til høge prisar og eller kan bli spesiallaga. Kvar drakt er forskjellig, med ulike fargar og mønster, designa for å tiltrekka seg auga til domaren i tevlingr og til publikum ved framsyningar. Utsjånaden elles er òg viktig. Kvinnelege dansarar har typisk krølla håret før kvar konkurranse, eller hatt på seg krøllete parykkar, medan mannlege dansarar skulle styla håret sitt til ei særskild form. Høge kvite strømper kjende som Poodle Socks blir typisk nytta av kvinnelege dansarar, medan menn normalt bruker svarte sokkar. Poodle Socks er ribba, og kan òg broderast med glitrande pynt. Denne hyper-stiliserte stilen oppstod i den irske diasporaen. Tidlegare blei kostyme laga heime eller av den lokale skreddaren, og broderte med keltiske knutar og liknande design.

Ein kan nytta to ulike typar sko til irsk steppedans: Sko med harde solar, som gjev lyd som steppesko, og sko med mjuke solar (kalla ghillies), som liknar ballettsko. Dansane for mjuke og harde solar er ulike og går under ulike namn. Ein har ulike musikktypar med ulike beat til ulike dansar, men alle dansane har same grunntrekk og rytmar.

Remove ads

Irske danseframsyningar

Riverdance, ei irsk steppedansframsyning i Eurovision Song Contest 1994 som seinare blei vidareutvikla til ein suksessrik teaterproduksjon, har bidratt til å gjera danseforma utbreidd. Riverdance endra måten irsk dans blei framført og sett på. Utviklarane av framsyningane henta inspirasjon frå den irske kulturen, men endra han for å appellera til publikum. Dette innebar å leggja meir drama til framføringa, inkludert armrørsler (i motsetnad til den typiske stive overdelen nytta av tradisjonelle utøvarar), og å gjera dansen og draktene meir pirrande. For mange var dette eit svik mot tradisjonen, men for andre var det ein måte å utvide irsk kultur på og få han akseptert over heile verda. Etter Riverdance blei førestillinga Lord of the Dance og mange andre teaterproduksjonar basert på irsk steppedans til. Michael Flatley, ein irsk steppedansar, blei eit godt kjent namn i desse showa.


Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads