Isabelle de Charrière

From Wikipedia, the free encyclopedia

Isabelle de Charrière
Remove ads

Isabelle de Charrière (fødd Isabella Agneta Elisabeth van Tuyll van Serooskerken 20. oktober 174027. desember 1805) var ein nederlandsk og sveitsisk forfattar under opplysningstida. I ettertida er ho mest kjend for brevromanane sine, men ho gav ut òg songar og klaverstykka. Ho var særleg opptatt av samtidspolitikk, blant anna kvinner sin kamp for å få utdanning, og spørsmål kring religion. Verka hennar om Den franske revolusjonen blir rekna som særleg interessante.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv

Isabelle van Tuyll van Serooskerken var fødd i Utrecht i Nederland som dotter av adelsmannen Diederik Jacob van Tuyll Van Serooskerken (1707-1776) og kona hans Jacoba Helena de Vicq (1724-1768). Ho var den eldste av sju born, og fekk ei langt betre utdanning enn vanleg for ei jente på den tida. Ho var kunnskapstørst, og allereie som barn hadde ho lært seg ei rekkje språk, studert matematikk og sett seg inn i den eksperimentelle fysikken i samtida.[1] Etter årslange besøk i Frankrike og Sveits i 1750-åra blei fransk hovudspråket hennar, noko som er ei viktig årsak til at verka hennar ikkje blei like kjende i heimlandet hennar som i dei fransktalande landa.

Då van Serooskerken var rundt 14 år gammal beli ho forelska i den katolske polske greven Peter Donhöff, som ikkje hadde dei same kjenslene for henne. I skuffing over dette forlét ho Utrecht i halvtanna år.[2] I lang tid nekta ho å gifta seg; ho såg på ekteskap som ein måte å oppnå fridom på, men ynskte òg å gifta seg i kjærleik. I 1771 gifta ho seg med broren til den tidlegare privatlæreren sin, sveitsaren Charles-Emmanuel de Charrière de Penthaz, og paret busette seg med fleire familiemedlemmer (mellom anna to av dei yngre systrene hennar) på Le Pontet i Colombier nær Neuchâtel i Sveits. Derfrå vitja dei ofte Genève og Paris, der Isabelle var ein kjend figur.

Remove ads

Verk

Isabelle de Charrière skreiv romanar, skodespel, dikt og komponerte musikk. Den mest produktive perioden hennar kom først etter at ho hadde budd i Colombier i ei årrekkje. Ho skreiv om tema som omfatta den religiøse tvilen hennar, adelen og oppsedinga av kvinner.

Le Noble var den fyrste romanen hennar, og kom ut i 1763.[3] Dette var ei satirisk bok retta mot adelen, og sjølv om ho blei gjeven ut anonymt, fann foreldra hennar ut av at ho hadde skrive boka, og fekk verket trekt frå sal.

Charrière beundra den franske filosofen Jean-Jacques Rousseau, og hjelpte til med å gje ut Les Confessions etter at han var død. Ho skreiv òg eigne tekster om Rousseau på denne tida.

Den franske revolusjonen fekk ei rekkje adelsmenn til å flykta til Neuchâtel, og de Charrière blei ven med nokre av dei. Men ho gav òg ut verk som kritiserte haldningane til dei aristokratiske flyktningane; ho meinte dei fleste av dei ikkje hadde lært noko av revolusjonen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads