Neuchâtel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Neuchâtel
Remove ads

Neuchâtel (tysk Neuenburg) er hovudstaden i den sveitsiske kantonen Neuchâtel ved Neuchâtelsjøen. Byen har 32 973 innbyggjarar (2010) og eit areal på 18 km². Byen ligg 430 meter over havet. Det store fleirtalet i byen har fransk morsmål.

Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...

Byen Neuchâtel ligg ved nordvestbreidda av Neuchâtelsjøen ved utløpet til elva Seyon, nokre kilometer aust for Peseux og vest for Saint-Blaise. Namnet Neuchâtel tyder «Nyslott» på norsk.

Neuchâtel universitet er frå 1909, og i tillegg er her handelshøgskule og andre høgskular. Byen har fleire museum og vitskaplege samlingar. Centre Dürrenmatt, som vart innvigd i 2000, presenterer Friedrich Dürrenmatt som forfattar, målar og teiknar. Notre Dame-kyrkja i byen er frå 1100–1200-talet. Neuchâtel slott var bustaden for tidlegare grevar og fyrstar av Neuchâtel. Dei eldste delane er frå 1100-talet og slottet husar no kantonadministrasjonen.

Byen vart grunnlagd på 1000-talet og fekk byrettar i 1214.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads