Iskăr

elv i Bulgaria From Wikipedia, the free encyclopedia

Iskăr
Remove ads

Iskăr (bulgarsk Искър; latinsk Oescus) er den lengste elva som berre renn innanfor Bulgaria, og er ei av sideelvane til Donau. Ho har ei lengd på 368 km.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Iskăr oppstår frå tre elvar, Tsjerni Iskăr (Svarte Iskăr), Beli Iskăr (Kvite Iskăr) og Levi Iskăr (som i lag går under namnet Iskrove). Kjelda til Iskăr vert rekna som Prav Iskăr, ei av sideelvane til Tsjerni Iskăr. Etter ho har kome ned frå den nordlege sida av Rila renn ho ut i Iskăr-reservoaret, det største i Bulgaria. Elva renn nær Sofia, og passerer gjennom eit juv i Balkanfjella. Ho munnar så ut i Donau nær landsbyen Gigen i provinsen Pleven. Iskăr er den einaste elva med utspring sør i Bulgaria som renn gjennom Balkanfjella og ut i Donau.

Thumb
Iskar-juvet i Balkanfjella

Iskăr renn gjennom sju provinsar i Bulgaria: Hovudstaden Sofia, provinsen Sofia, provinsen Pernik, provinsen Vratsa, provinsen Pleven og provinsen Lovetsj. Elva er hovudvasskjelda for Sofia.

Geologisk sett er Iskăr den eldste elva på Balkan, og den einaste elva som har halde på den opphavlege retninga si, trass i fleire geologiske endringar i området.

Remove ads

Kjelde


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads