Isparta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Isparta er ein by vest i Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Isparta. Byen har kring 225 000 innbyggjarar og ligg 1035 meter over havet. Kallenamnet til byen er Rosenes by.
Hovudnæringa til Isparta er produksjon av rosenolje og handlaga teppe og silke. Turisme er òg ei aukande næring. Byen har eit universitet og det lokale fotballaget i byen heiter Ispartaspor. Det er fleire gamle moskear i byen. Byen har eit stort bibliotek med handskrivne manuskript og eit arkeologisk museum med myntsamling.
Remove ads
Klima
Isparta har eit halvtørt klima med kalde, snørike vintrar og varme, tørre somrar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads