It's Hard
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
It's Hard er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet The Who. Det er det siste Who-albumet med bassisten John Entwistle og trommeslagar Kenney Jones, samt det siste Who-albumet på Warner Bros. Records i USA. Det kom ut i 1982 på Polydor i Storbritannia og nådde 11. plass her. I USA nådde det åttande plass.
Remove ads
Remove ads
Historie
Det finst to ulike syn på It's Hard. Enkelte meiner at albumet var inspirert av det harde politiske klimaet tidleg i 1980-åra, medan andre berre ser på albumet som eitt The Who måtte gje ut for å oppfylle kontrakten sin med det amerikanske plateselskapet. Albumet fekk òg delt mottaking i musikkpressa, enkelte gav det dårleg kritikk, medan det fekk fem av fem stjerner i musikkmagasinet Rolling Stone.
Den første songen «Athena» er ein av dei få songane som vart godt motteken på albumet. Denne songen vart gjeven ut som singel og nådde 28. plass på den amerikanske singellista. I seinare år har songen «Eminence Front» vorte trekt fram som ein av dei mest kritikarroste i songkatalogen til bandet.
Albumomslaget vart utforma av Graham Hughes, og syner ein ung gut som speler eit arkadespel, ein referanse til rockeoperaen Tommy, der hovudkarakteren spelar flipparspel. Townshend kritiserte albumet kort tid etter det kom ut.
I 1997 gav MCA ut ei nymastra utgåve av albumet med nye miksar av «Athena» og «Eminence Front».
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde
Bonusspor på 1997-utgåva av albumet var fire konsertopptak frå Toronto den 17. desember 1982.
Remove ads
Medverkande
The Who
- Roger Daltrey – solovokal, rytmegitar, korvokal på «Eminence Front» og «One at a Time»
- Pete Townshend – sologitar, korvokal, solovokal på «Eminence Front», felles solovokal på «Athena» og «Cooks County»
- John Entwistle – bass, korvokal, solovokal på «One at a Time»
- Kenney Jones – trommer
Andre medverkande
- Andy Fairweather Low – rytmegitar på «It's Your Turn»
- Tim Gorman – klaverinstrument[6]
Produksjon
- Jon Astley – leiande produsent
- Chris Charlesworth – leiande produsent
- Bill Curbishley – leiande produsent
- Greg Fulginiti – mastering
- Glyn Johns – produsent, lydteknikar
- Doug Sax – mastering
- Bob Ludwig – ommastering
- Robert Rosenberg – leiande produsent
- Richard Evans – design
- Graham Hughes – fotografi
Salslister
Vekeslister
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads