It's Late
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«It's Late» er ein song skriven av Queen-gitaristen Brian May og framført av bandet i 1977 for albumet News of the World. Songen var ein idé May hadde om å ha lage ein tre aktar lang teatralsk song, der versa er «aktene». May spelar gitarsoloen med ein «tappe»-teknikk, fleire månader før Eddie Van Halen, gjorde det same på Van Halen. May sa til Guitar Player Magazine[1] at han vart inspirert til å nytte denne teknikken av ein ukjend gitarist på ein bar i Texas. Teknikken var òg blitt nytta tidlegare av andre gitaristar, mellom anna Steve Hackett frå Genesis.
Teksten handlar om eit kjærleiksforhold som er i ferd med å slutte.[2]
Songen vart gjeven ut som singel i USA i 1978 i ei forkorta utgåve, og nådde 72. plassen på Billboard-lista der. Songen vart seinare gjeven ut på samlealbumet Queen Rocks i 1997, og det vart produsert ein ny video med bilete av Las Vegas og prostituerte, innimellom konsertklipp av songen.
Songen vart nytta i dokumentarfilmen Kurt Cobain: About a Son i 2006.
Remove ads
Medverkande
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads