It's Raining Again
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«It's Raining Again» er ein song av det engelske rockebandet Supertramp frå albumet deira …Famous Last Words… frå 1982. Han er oppført som skriven av Rick Davies og Roger Hodgson, men som plateomslaget indikerer, er han i røynda skriven av Hodgson. Slutten av songen nyttar ein del av ei gammal barneregle, «It's Raining, It's Pouring».
All vokalen på studioutgåva av songen er Hodgson.
Songen vart gjeven ut på singel. Songen nådde 11. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100 i november 1982, og gjorde det òg godt i Europa med topp 10-plasseringar i Austerrike, Nederland, Tyskland, Noreg og Sveits, og ei topplassering i Frankrike. Det var den siste topp 40-hitten deira i Storbritannia.
Musikkvideoen vart regissert av den framtidige Highlander-regissøren Russell Mulcahy med konsept av Keith Williams.
Remove ads
Innhald
7"-singel
Salslister
Remove ads
Medverkande
- Roger Hodgson – grand piano, solo- og korvokal
- Dougie Thomson – bassgitar
- Bob Siebenberg – trommer
- Rick Davies – ekstra synthesizer, melodica-solo
- John Helliwell – baryton- (midten av songen) og tenorsaksofon, synthesizer
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads