Ivan Sjisjkin

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ivan Sjisjkin
Remove ads

Ivan Ivanovitsj Sjisjkin (25. januar 183220. mars 1898) var ein russisk landskapsmålar med kontaktar til Peredvizjnikij-rørsla.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og gjerning

Thumb
Bjørkeskog, 1871
Thumb
Rug, 1878
Thumb
Regn i eikeskog, 1891

Sjisjkin vart fødd i byen Jelabuga i Vjatka-guvernementet (dagens Tatarstan). Etter eksamen frå gymnasiet i Kazan, studerte han i fire år ved Høgskulen i teikning, måling og arkitektur i Moskva. Frå 1856 til –60 hadde Sjisjkin plass ved St. Petersburgs Keisarlege Kunstakademi, derifrå gjekk han ut med dei beste avgangspapir. Han mottok keisarleg stipend til å studere vidare i Europa.

Ei tid budde og arbeidde Sjisjkin i Sveits og Tyskland (Dresden og Düsseldorf). Han stilte ut både i München og Zürich. Etter han i 1865 kom tilbake til St. Petersburg vart han med i gruppa av (flest) kunstmålarar som arbeidde for ein meir realistisk målarkunst (Peredvizjnikij-rørsla) og i Det russiske selskap for akvarellmålarar.

Ved tilbakekomsten til Russland vart Sjisjkin medlem av Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg og virka som professor i kunstmåling frå 1873 til 1898. Samstundes leidde han klassa som dreiv med landskapsmåling ved den høgare kunstskulen i St. Petersburg. Han deltok i fleire utstillingar ved Kunstakademiet i St. Peterburg og den Stor-Russiske utstillinga i Moskva i 1882, i Nizjnij Novgorod (1896), og på verdsutstillingane i Paris i 1867 og 1878, og Wien i 1873.

Han døydde i St. Petersburg medan han arbeidde på eit nytt måleri.

Thumb
Det ville nord, 1891

Målestil

Sjisjkins målemåte baserte seg på grundige studiar av naturen. Verka hans er prega av ei poetisk framvising av årstidene i skogane, dyra og fuglane, den urøyvde naturen. Impulsar frå den tyske romantiske målaren Caspar David Friedrich er tydeleg i mykje av kunsten hans. Sjisjkin eigde ein datsja i Vyra, sør for St. Petersburg. Der måla han nokre av sine finaste landskapsmåleri. Han vart berømt for sine skoglandskap, og var elles ein framifrå teiknar og litograf.

Remove ads

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Ivan Shishkin» frå engelsk wikipedia, den 27. februar 2009.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Ivan Sjisjkin
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads