Tatarstan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tatarstan
Remove ads

Tatarstan[a] er ein republikk i Russland, og eit av dei russiske føderasjonssubjekta. I 2021 hadde republikken 3 894 120 innbyggjarar. Hovudstaden er Kazan, og sidan 2010 har Rustam Minnikhanov vore president.[1]

Kjappe fakta Land, Hovudstad ...
Remove ads

Geografi

Tatarstan ligg på den aust-europeiske sletta, om lag 800 kilometer aust for Moskva. Elvene Volga og Kama møtest her. Andre store elver er Belaja og Vjatka, som begge renn ut i Kama. Republikken strekkjer seg 290 kilometer frå nord til sør, og 460 kilometer frå aust til vest. Han er 67 836 km², og er omtrent like stor som Innlandet og Buskerud til saman. Landskapet er hovudsakleg flatt, med nokre låge høgdedrag. 90 % av arealet ligg under 200 meter over havet. Omtrent 16 % er skogkledd.

Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen er –14 grader celsius i januar og 19 grader celsius i juli.

Republikken har store oljeressursar.

Remove ads

Folkesetnad

Dei største byane i Tatarstan er hovudstaden Kazan (1 144 000 ibuarar), Naberezjnyje Tsjelny (513 200), Nizjnekamsk (234 000) og Almetjevsk (146 400).[2]

Majoritetsbefolkninga er tatarar, men russarane utgjer ein stor minoritet. Offisielle språk er russisk og tatarsk. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[2]

Merknader

  1. tatarsk: Татарстан Республикасы Tatarstan Respublikası; russisk: Республика Татарстан Respublika Tatarstan eller Татария Tatarija.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads