Ivar Dyrhaug
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ivar Dyrhaug (fødd 10. juni 1949 i Oslo) er ein norsk programleiar som er mest kjend som vert for musikkprogrammet Beat for Beat. Dyrhaug har òg vore programleiar for fleire andre NRK-program som Den Store IQ-testen og Halvsju.
Dyrhaug er utdanna lærer med engelsk grunnfag, og jobba som lærar mellom 1973 og 1978 ved Snarøya skole og Grav skole. Samstundes var han programleiar for musikkprogrammet Pop spesial på radio, og skreiv blant anna songen «Hvorfor nettopp meg?» om mobbing. Dyrhaug har skrive fleire songtekstar, blant anna den norske fotballsongen «Alt for Norge», og hiten «Invisible Man» for Dance with a Stranger, utgjeven på Norsk Plateproduksjon (1988, plateselskapet starta av Dyrhaug sjølv) som elles selde over to millionar plater over ti år.
Dyrhaug er gift og har tre born.
Remove ads
Programleiar på TV
(ufullstendig)
- 1999- Beat for Beat
- 2005 Memo
- 1997 I.D. ÅRET
- 1993 Rett hjem
- 1989 Fjernsynsserien Glimt
- 1982 Norsk Melodi Grand Prix 1982
- 1983 Zikk-Zakk
- 1979 Halvsju
Kjelder
- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta tysdag 5. januar 2010, klokka 00:00
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads