Ivar Eriksen
norsk skeiseløpar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alf Ivar Eriksen (fødd 7. mars 1942) er ein tidlegare skeiserennar og brannmann frå Hamar. Han vann sølvmedaljen på 1500 meter under dei olympiske vinterleikane 1968 i Grenoble. To år seinare vart han fjerdemann i den fyrste verdsmeisterskapen i sprint. Eriksen deltok i internasjonale idrett frå 1961 til 1974.
Remove ads
Aktiv
28. februar 1963 sette Eriksen verdsrekord på 3 000 meter ved eit stemne på Bislett stadion i Oslo. Tida 4.33,0 vart berre ståande i 23 døgn. I Vinter-OL 1964 i Innsbruck kom han på sjetteplass på 1500 meter. Året etter fekk han delta i Skeise-EM 1965 i Göteborg der han kom på 12. plass, hans einaste internasjonale firkamp. Etter eit par svakare sesongar, kom Eriksen tilbake og kneip sølvmedaljen på 1500 meter under Vinter-OL 1968 i Grenoble. Nokre veker seinare fekk han notert 1.20,5 på 1000 meter i vesttyske Inzell, ny verdsrekord på distansen. 1969-sesongen forbetra han verdsrekorden på 1000 m to gongar på same bana. 1. mars 1969 kom han i mål på tida 1.19,5, den fyrste som kom under 1.20. Ved den fyrste verdsmeisterskapen i sprint-firkamp, i 1970 i West Allis i USA, enda han på fjerdeplassen. På nyåret i 1971 i Davos flytta han verdsrekorden på 1000 meter til 1.19,2. Ard Schenk sletta rekorden før sesongen var over. I sprint-VM 1971 i Inzell vart Eriksen femtemann.
Eriksen kom ikkje med til Vinter-OL 1972. Hausten 1972 fekk han plass i den profesjonelle ISSL-turneringa. Hans beste resultat som ISSL-løpar var ein andreplass ved sprint-europameisterskapen i 1974.
Eriksen var aktiv i Hamar Idrettslag og sidan Arbeidernes Skøyteklubb. Etter 1972-sesongen melde han seg inn i organisasjonen ISSL og deltok i stemne arrangert av denne.
Personbeste
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ivar Eriksen» frå Wikipedia på tysk, den 16. november 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads